|
|
Om rasen
Pumi oppstod i Ungarn på 1700- og 1800-talet. Rasen er kryssa mellom Puli og tyske og franske gjetarhundar som hadde spisse øyrer.
I heimlandet er rasen i hovudsak brukt som gjetar- og vakthund. Pumi er ein hund full av energi. Han tek gjerne på seg oppgåver som slett ikkje er meint for han, om ein ikkje er vaken medan han er kvalp og set grenser. Han er ein utmerkt vakthund som varslar når noko skjer. Men han er òg ein fin familiehund som bind se veldig til eigaren sin, men som like fullt er glad i heile familien.
Som den kvikke og energiske rasen Pumi er, lærer han fort, både på godt og vondt. Til lydigheit og agility er han ein utmerkt hund. Passe storleik frå 38 til 46 cm og ei vekt på 8 til 15 kg. Pelsen er krølla og røyter ikkje, men må klippast.
Fargar: Svart, grå, krem, kvit og faco.
Pumi er ikkje noko vanleg syn i Noreg enno. Den første kom til Askim i 1990. Det var Bagarsjön's Carita, ei kvit tispe. Etter kvart har det auka ein del, men framleis er det eksotisk å ha ein Pumi i Noreg.
|
|
|